Lesetips for ungdom – romanar på nynorsk

Her er ei oversikt over deg viktigaste forfattarane som skriv bøker for ungdom på nynorsk. Når du klikker på forfattarnamnet kjem du til ei liste over alle bøkene forfattaren har skrive på nynorsk for ungdom, med dei nyaste øvst.

Forfattarar som skriv i fleire sjangre

Først kjem her ei liste over nokre forfattarar som treff blink stort sett kvar gong dei skriv for ungdom.

Tor Arve Røssland
Røssland skriver grøss og spenning som få andre. Svarte-Mathilde og Glimt er det nesten alltid ventelister på.

Terje Torkildsen
Dobbel Uprisen-vinner (Marki Marko og Dystopia III) Terje Torkildsen skriv drivande ungdomsbøker frå både notid (Stavanger Stories, Marki Marko), fortid (Arrfjes) og framtid (Dystopia). Fellesnevnaren er at det er truverdig og spennande.

Ingelin Røssland
I Handgranateple (Uprisen-vinner) og Kunsten og innhalera skriv Ingelin Røssland djupt om ungdomslivet. Englefjes-serien er spennande krimbøker.

Asbjørn Rydland
Rydland skriv fantasyromanar. Drakeguten er ein serie på fem bøker, medan Galderstjerna (Uprisen-vinner) er den første boka i serien Vegandi der hovudpersonane blir sugd inn i ein annan dimensjon gjennom eit dataspel.

Lars Mæhle
Skriv ungdomsbøker i alle sjangre, der Fuck Off I Love You og Keeperen til Tunisia er lette å lese. Fantasy-romanane om Landet under isen og Bouvetøya 2052 tek opp store spørsmål, mellom anna ei framtid der klimaendringane verkeleg har slått seg laus.

Aina Basso
Basso skriv historiske romanar, mellom anna om heksebrenning i Inn i Elden.

Krim og spenning

Robert Muchamore
Cherub-serien er omsett til nynorsk, og mange ungdom pløyer gjennom eit tosifra antal bøker i serien nesten utan å merke at bøkene er skrive på nynorsk. Dette er agentaction med fjortisar i hovudrollane.

Magnhild Bruheim

Atle Hansen

Ungdomsliv

Forfattarar som skriv godt om ungdom, om alt frå kjærleik, festing og venskap, til sorg, sjukdom og vald.

Alf Kjetil Walgermo

Bente Bratlund

Linn T. Sunne

Brynjulf Jung Tjønn

Hilde K. Kvalvaag
Romanen Fengsla er, ja, fengslande, om to særs ulike kusinar og deira interesse for to innsette på ei fengselsøy.