tor
12
apr

Møt forfatteren bak det nye storverket om nynorsk litteraturhistorie

19:00 til 20:30

I samarbeid med Follo Mållag

I 2018 fyller Det Norske Samlaget 150 år. I jubileumsåret gjev dei ut storverket Nynorsk litteraturhistorie skrive av Jan Inge Sørbø. Boka er ei reise i den nynorske skjønnlitteraturen frå Ivar Aasen si tid og fram til i dag – og gjev eit heilt nytt perspektiv på norsk litteratur. Utviklinga av det nynorske skriftspråket har sytt for at stemmer og erfaringar frå heile landet har fått innpass i litteraturen, og at det er blitt skrive bøker frå småbruk og fiskevær på eit språk som reflekterer mang ein lesar sin eigen måte å tenkje og snakke på.
 
Over 150 forfattarskap er representerte. Her finst kjende storleikar som Arne Garborg, Tarjei Vesaas, Marie Takvam, Jon Fosse og Olaug Nilssen, så vel som forfattarar som fortener ny merksemd, som Gro Holm og Sjur Bygd. Boka kjem ut i mai.
 
Få gratisbillett på biblioteket for å vere sikra plass.

For  ungdom voksne

Gå tilbake til oversikten over programmet